tirsdag 1. februar 2011

Litt geografi for dåke som kjem frå nordvest-landet ;)

Øystein kjem frå slektsgarden Mo i Suldal kommune. Suldal ligg i Ryfylke i Rogaland. Suldalsosen er næraste tettstad til Mo, 7 km unna, og her skal vigslinga skje. Kari er lærar ved skulen på Suldalsosen, og her ligg også  det nye fjoset, Fellesfjoset, der Jone har dyra sine ( fjos = fjøs = flor....). Sjølve festen blir på Ryfylke Folkehøgskule som ligg på Sand, kommunesenteret i Suldal kommune. Det er 18 km frå Suldalsosen til Sand, og Mo ligg omlag midtvegs. http://kart.gulesider.no/m/IwK1Q

Korleis komme seg til Suldal?

Flyplassar i nærleiken er Stavanger (Sola) og Haugesund.

Haugesund: Ca 2 timar med bil inkl ei ferge (Ropeid-Sand). http://kart.gulesider.no/m/IwK5Q.
Det går buss frå Haugesund til Ropeid, men ein må byte minst ein gong.

Stavanger: Ca 3 timar inkl to ferger (Stavanger-Tau og Hjelmeland-Nesvik). http://kart.gulesider.no/m/IwKPJ Det beste alternativet er flybuss frå Sola til hurtigbåt-terminalen i Stavanger, og så hurtigbåt til Sand. Denne tek omlag 2 timar, og det er ei fin reise innover fjordane i Ryfylke.
http://www.kolumbus.no/downloadfile.php?i=7dc1c7653ac42a05642a667959c12239

Frå Bergen og Austlandet kan ein ta Haukeliekspressen til Røldal (stoppet heiter Håra, 5 min frå Røldal sentrum). http://bestilling.nor-way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=180&Direction=T&Product=P5
Frå Røldal til Suldal er det omlag 1 time med bil, her kan det korrespondere buss frå Suldal Billag frå Røldal til Suldal/Sand. http://suldalbillag.com/index.php?option=com_content&task=view&id=24&Itemid=35

Frå Sogn og Fjordane kan ein anten køyre indre vegen over Vikafjellet til Voss og vidare ferje Kvanndal-Utne, via Odda og til Røldal. Når du har køyrt ned svingane etter Røldal Skisenter, skal du ta av til høgre ved skilting mot Sand/Stavanger FØR du kjem til Røldal sentrum.  
Den raskaste vegen frå Ytre Sogn er via Bergen, deretter med ferje Halhjem-Sandvikvåg, over Stord og til Ropeid. Her går det ferje over til Sand. Frå Bergen til Sand denne vegen er det omlag 4 timar med bil.

Kvar kan ein bu i Suldal? Oppdatert 11.03

Her er nokre alternativ til overnatting:

Lakseslottet Lindum: Herskapeleg lakseslott med ein fantastisk atmosfære. Ligg omlag midt mellom kyrkja og garden Mo, like ved elva. 15km ned til Folkehøgskulen og festen på laurdagen, 3 km frå kyrkja. Har dobbel/twin-rom for 1200 per rom inkl frukost. Bygningen og området er utruleg flott - vårt eigentlege førstevalg for bryllupsfest som måtte vike då vi ville invitere så mykje familie og venner....
Kontaktperson: Kristin, Lakseslottet Lindum  tlf +47  995 58 520 www.lakseslottet.no 


Ryfylke Folkehøgskule, der festen skal vere, har det sengeplass til ca 75 gjester på internatet. Både doble og enkle rom. Ein må her dele bad og dusj med dei om ligg på same korridoren. Uvisst kor mange som må dele før vi veit kor mange som vil bu på folkehøgskulen. Ein kan bestille inkludert frukost på søndagen, men ikkje på laurdag, sidan matsalen då er dekka til fest. I gåavstand til folkehøgskulen er det både kafe og bakeri, så det skal ikkje vere problem å få god frukost på laurdag, og. Bestilling på overnatting ordnar me samla, send mail til moeoystein@hotmail.com og sei kva rom du ønskjer og kor mange personar som skal ha frukost.

Ryfylke Fjordhotell: Hotellet ligg fantastisk plassert ved småbåthavna i Sand Sentrum og like nedanfor fossen der Øystein har fiska og rodd så mange timar...Det er 100 meter gange i lett terreng (flat asfalt) til hurtigbåten som kjem frå Stavanger. Hotellet ligg 1,5 km frå folkehøgskulen. http://www.ryfylketuristhotel.no/

Lågatun Hytter: har 2 hytter som ligg 500 meter frå garden til familien til Øystein, 11 km frå Folkehøgskulen og 7 km frå Suldal Kyrkje. Godt alternativ til barnefamiliar! Telefon: 5279 9913