torsdag 7. juli 2011

Rom paa folkehogskulen

Ein del av Dykk skal bu paa Rygjatun, folkehogskulen. Rygjatun ynskjer at vi ordnar med betaling for baade overnatting og frukost sondagen. Mellom kyrkja og middagen vil ein person ta imot betaling enten kontant eller via bank-terminal paa Rygjatun. De skal altsaa ikkje betale ved innsjekk eller utsjekk. Det er lagt ut lister over kven som skal ha kva type rom. Alle er skrivne opp paa frukost. Vi har fordelt det slik at dei mest nyforelska faar 120 seng....


Dobbelt rom a' kr 450,- inkl sengesett 
Enkeltrom a' kr 250,- inkl sengesett.
Doble rom med 1 1/2 seng kr 350,- inkl sengesett
Frukost sondag kr 75 per pers

torsdag 2. juni 2011

Grillfest 15.juli på Mo

Fredag kveld 15.juli inviterer vi til grillfest på garden Mo. Då blir tunet rydda, og vi håpar å fylle plassen med så mange som mogleg av Dykk! Vi stiller med grillmat, brus og kaffi. Om nokon ynskjer alkohol, må De gjerne ta dette med. Vi fyrer opp grillane ca klokka 18.00, men De kan komme fortløpande alt etter kor lang reisevegen er.  Det blir også sjanse til å sjå Mo og Suldal frå lufta denne kvelden. Brura sin far har kontakter i helikopter-bransen og har ordna med helikopter-sightseeing for dei som ynskjer fredag kveld.  Det er sjølvsagt forbehold om helikopterflyging ved dårlig vær og askeskyer, men grillfest blir det uansett då vi er godt rusta med partytelt. Velkommen til grillfest!

lørdag 16. april 2011

Gåveynskjer.......

Det aller beste De kan gi oss er sjølvsagt å delta på denne dagen ilag med oss! Vi er utruli glade for at så mange vil bruke ei helg midt i sommarferien på feiringa. Når det er sagt, har vi allerede fått ein del spørsmål om kva vi ynskjer oss. Håper ynskjelista kan vere til hjelp for Dykk. Er det noko De lurer på kan det også vere ein idè å ta ein prat med mor Kari eller mamma Aud Inger.

- Førde glassmagasin: www.fordeglassmagasin.no Bruk ID: 92485 Pinkode 3040


Diverse anna som ikkje står på lista til glassmagasinet:

- Høyang Polaris gryte alu: 1,8 liter 3,5 liter og 6.0 liter
- Høyang polaris steikepanne alu 20 cm
- Nowo-Steel  Woll induksjon traktørpanne med lokk
- Sengkle og handdukar  (laken i breidde 90cm)
- Kjøkkenmaskin: kenwood km615mpx    ( OBS! Er allereie kjøpt)
- Hardangerbestikk type Hedda (vi har ikkje noko i serien frå før)

- Smørjebenk / smørjeprofil / preppebenk til ski 

- Takstativ til syklar
- Kaffimaskin:  Krups XP 5240FR (OBS! er allereie kjøpt)
- Lavvo 4-6 personar (Helsport Varanger)
- Gassgrill   (OBS! er allereie kjøpt) 
- Termos.  Både 1 liter og 0,5 liter
- Drikkeflaske med stort lokk, feks type Nalgene
- Saueskinn
- Viltpose størrelse hjort/elg
- Rypesekk, t.d. Norrøna Hjerkinn
- Mekke-stativ til sykkel
   
Sol 16 juli 2011 !!!

søndag 6. mars 2011

Ny utforming på bloggen

Etter å ha konferert med kyndige venner med EDB-interesser greidde vi likevel ikkje å minske topp-biletet på bloggen vår. Ingrid synes det blei litt for stort nær-bilete, så derfor ny utforming. Begynner å få litt meir respekt for desse kjendis-bloggerane etter å ha prøvd å lage ein blogg sjølv! Vi har heller prioritert ski i dag. Rettare sagt, Øystein har piska Ingrid rundt i 2 mil...uuhhh. Men det gjorde godt!  Fantastisk digg å ligge på sofaen og sjå 5-mila etterpå!! Heia Norge!

Så ein repetisjon av dei viktigste tidsdetaljane bryllaupshelga:
Grillfest på Mo fredag kveld. Vigsle i Suldal Kyrkje på Suldalsosen lørdag kl 13.00. Festmiddag kl 17.00 på Folkehøgskulen på Sand. Liv og leik så lenge De orkar utover natta ! ;)


Takk for tilbakemelding frå alle Dykk som vil feire den store dagen ilag med oss!

tirsdag 1. mars 2011

Toastmaster!

Odda sjukehus sin aller ferskaste turnuslege, Jan Erik Berge, har sagt ja til å vere toastmaster under festmiddagen! Jan Erik har i likhet med brudgommen ofte mange gode kommentarar på lur, men han har lova å sleppe andre til denne kvelden. Ta kontakt med han på mob 90 60 52 32 om De ynskjer taletid ;)

tirsdag 1. februar 2011

Litt geografi for dåke som kjem frå nordvest-landet ;)

Øystein kjem frå slektsgarden Mo i Suldal kommune. Suldal ligg i Ryfylke i Rogaland. Suldalsosen er næraste tettstad til Mo, 7 km unna, og her skal vigslinga skje. Kari er lærar ved skulen på Suldalsosen, og her ligg også  det nye fjoset, Fellesfjoset, der Jone har dyra sine ( fjos = fjøs = flor....). Sjølve festen blir på Ryfylke Folkehøgskule som ligg på Sand, kommunesenteret i Suldal kommune. Det er 18 km frå Suldalsosen til Sand, og Mo ligg omlag midtvegs. http://kart.gulesider.no/m/IwK1Q

Korleis komme seg til Suldal?

Flyplassar i nærleiken er Stavanger (Sola) og Haugesund.

Haugesund: Ca 2 timar med bil inkl ei ferge (Ropeid-Sand). http://kart.gulesider.no/m/IwK5Q.
Det går buss frå Haugesund til Ropeid, men ein må byte minst ein gong.

Stavanger: Ca 3 timar inkl to ferger (Stavanger-Tau og Hjelmeland-Nesvik). http://kart.gulesider.no/m/IwKPJ Det beste alternativet er flybuss frå Sola til hurtigbåt-terminalen i Stavanger, og så hurtigbåt til Sand. Denne tek omlag 2 timar, og det er ei fin reise innover fjordane i Ryfylke.
http://www.kolumbus.no/downloadfile.php?i=7dc1c7653ac42a05642a667959c12239

Frå Bergen og Austlandet kan ein ta Haukeliekspressen til Røldal (stoppet heiter Håra, 5 min frå Røldal sentrum). http://bestilling.nor-way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=180&Direction=T&Product=P5
Frå Røldal til Suldal er det omlag 1 time med bil, her kan det korrespondere buss frå Suldal Billag frå Røldal til Suldal/Sand. http://suldalbillag.com/index.php?option=com_content&task=view&id=24&Itemid=35

Frå Sogn og Fjordane kan ein anten køyre indre vegen over Vikafjellet til Voss og vidare ferje Kvanndal-Utne, via Odda og til Røldal. Når du har køyrt ned svingane etter Røldal Skisenter, skal du ta av til høgre ved skilting mot Sand/Stavanger FØR du kjem til Røldal sentrum.  
Den raskaste vegen frå Ytre Sogn er via Bergen, deretter med ferje Halhjem-Sandvikvåg, over Stord og til Ropeid. Her går det ferje over til Sand. Frå Bergen til Sand denne vegen er det omlag 4 timar med bil.

Kvar kan ein bu i Suldal? Oppdatert 11.03

Her er nokre alternativ til overnatting:

Lakseslottet Lindum: Herskapeleg lakseslott med ein fantastisk atmosfære. Ligg omlag midt mellom kyrkja og garden Mo, like ved elva. 15km ned til Folkehøgskulen og festen på laurdagen, 3 km frå kyrkja. Har dobbel/twin-rom for 1200 per rom inkl frukost. Bygningen og området er utruleg flott - vårt eigentlege førstevalg for bryllupsfest som måtte vike då vi ville invitere så mykje familie og venner....
Kontaktperson: Kristin, Lakseslottet Lindum  tlf +47  995 58 520 www.lakseslottet.no 


Ryfylke Folkehøgskule, der festen skal vere, har det sengeplass til ca 75 gjester på internatet. Både doble og enkle rom. Ein må her dele bad og dusj med dei om ligg på same korridoren. Uvisst kor mange som må dele før vi veit kor mange som vil bu på folkehøgskulen. Ein kan bestille inkludert frukost på søndagen, men ikkje på laurdag, sidan matsalen då er dekka til fest. I gåavstand til folkehøgskulen er det både kafe og bakeri, så det skal ikkje vere problem å få god frukost på laurdag, og. Bestilling på overnatting ordnar me samla, send mail til moeoystein@hotmail.com og sei kva rom du ønskjer og kor mange personar som skal ha frukost.

Ryfylke Fjordhotell: Hotellet ligg fantastisk plassert ved småbåthavna i Sand Sentrum og like nedanfor fossen der Øystein har fiska og rodd så mange timar...Det er 100 meter gange i lett terreng (flat asfalt) til hurtigbåten som kjem frå Stavanger. Hotellet ligg 1,5 km frå folkehøgskulen. http://www.ryfylketuristhotel.no/

Lågatun Hytter: har 2 hytter som ligg 500 meter frå garden til familien til Øystein, 11 km frå Folkehøgskulen og 7 km frå Suldal Kyrkje. Godt alternativ til barnefamiliar! Telefon: 5279 9913