søndag 6. mars 2011

Ny utforming på bloggen

Etter å ha konferert med kyndige venner med EDB-interesser greidde vi likevel ikkje å minske topp-biletet på bloggen vår. Ingrid synes det blei litt for stort nær-bilete, så derfor ny utforming. Begynner å få litt meir respekt for desse kjendis-bloggerane etter å ha prøvd å lage ein blogg sjølv! Vi har heller prioritert ski i dag. Rettare sagt, Øystein har piska Ingrid rundt i 2 mil...uuhhh. Men det gjorde godt!  Fantastisk digg å ligge på sofaen og sjå 5-mila etterpå!! Heia Norge!

Så ein repetisjon av dei viktigste tidsdetaljane bryllaupshelga:
Grillfest på Mo fredag kveld. Vigsle i Suldal Kyrkje på Suldalsosen lørdag kl 13.00. Festmiddag kl 17.00 på Folkehøgskulen på Sand. Liv og leik så lenge De orkar utover natta ! ;)


Takk for tilbakemelding frå alle Dykk som vil feire den store dagen ilag med oss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar