søndag 6. mars 2011

Ny utforming på bloggen

Etter å ha konferert med kyndige venner med EDB-interesser greidde vi likevel ikkje å minske topp-biletet på bloggen vår. Ingrid synes det blei litt for stort nær-bilete, så derfor ny utforming. Begynner å få litt meir respekt for desse kjendis-bloggerane etter å ha prøvd å lage ein blogg sjølv! Vi har heller prioritert ski i dag. Rettare sagt, Øystein har piska Ingrid rundt i 2 mil...uuhhh. Men det gjorde godt!  Fantastisk digg å ligge på sofaen og sjå 5-mila etterpå!! Heia Norge!

Så ein repetisjon av dei viktigste tidsdetaljane bryllaupshelga:
Grillfest på Mo fredag kveld. Vigsle i Suldal Kyrkje på Suldalsosen lørdag kl 13.00. Festmiddag kl 17.00 på Folkehøgskulen på Sand. Liv og leik så lenge De orkar utover natta ! ;)


Takk for tilbakemelding frå alle Dykk som vil feire den store dagen ilag med oss!

tirsdag 1. mars 2011

Toastmaster!

Odda sjukehus sin aller ferskaste turnuslege, Jan Erik Berge, har sagt ja til å vere toastmaster under festmiddagen! Jan Erik har i likhet med brudgommen ofte mange gode kommentarar på lur, men han har lova å sleppe andre til denne kvelden. Ta kontakt med han på mob 90 60 52 32 om De ynskjer taletid ;)